lørdag 4. oktober 2008

Vulkantur og dykkartur!


Som sagt så var eg på vulkantur på lørdag, som blei ein ganske slitsom men fin tur. Me kjørte herfrå på fredag, og var innom ein fuglepark og ein reptilpark på veien, der me blant anna fekk halda øgler, skilpadder og fargerike fuglar. Eg var gira på å ha ein slange rundt halsen, men dei hadde foringsdag i dag så me måtte heller stå og betrakta dei når dei slukte heile fuglar. Nammnamm.... Etter ei stund gjekk turen vidare til Ubud, ein liten koslig by litt opp mot fjella. Her blei eg forøvrig svindla, altså eg blei lurt til å kjøpe et "sølv"-smykke, av nåken klissete selgarar. Me åt middag her, og så gjekk turen vidare oppover. Me kom til ein liten landsby, der me sov på et, rett og slett, stygt hotell. Men det gjorde ingenting, for me skulle uansett stå opp kl 3 om natta for å gå opp til Mon Batur. Og dette blei ein mykje tyngre tur en alle hadde forventa! Det blei altså et to timar langt hardslit opp tusen høgdemeter. Merka på kondisen at det har blitt ein par turar for mange på byen, for å sei det sånn! Bedre var det jo ikkje når me gjekk i tussmørket heile veien opp, og me måtte omtrent føle oss fram på smale stiar med masse lause vulkansteinar. Me hadde ei lommelykt fordelt på 4 stykke, så det hjalp ikkje akkurat så masse! Eg er glad ho som gjekk framfor meg hadde kvite sko, sånn at eg kunne sjå kor so plasserte føtna :) Men me kom oss omsider til toppen, der me fekk nyte ein heilt fantastisk nydeling soloppgong! Det var verdt å slite seg opp der, for å sei det sånn. Vulkankrateret var enormt, men det var ikkje akkurat sånn at me kunne sjå lavaen boble nedi eit hol, noko me trudde me kom til å sjå fordi det er ein akti vulkan. Men me såg masse damp stige opp her og der. Etter å ha leika oss med søte apar som fekk heile peanøttposen min, gjekk me sultne og trøtte ned igjen, og kjørte heim :)

Og so må eg jo berre få skryta av at eg har tatt dykkarlappen! Det blei gjort sist helg på ein tur til Tulamben. Det gjorte me 4 dykk, blant anna ned til et skipsvrak frå andre verdenskrig. Verden under vatn er heilt fantastisk, og det er utrulig mykje fint å sjå. Absolutt noko eg vil gjere meir av for å sei det sånn! Det einaste problemet er at eg har vanskelig for å utligne trykket i øyrene, som er litt dumt. Eg vil jo helst ned på djupet utan å sprenge trommehinnene mine. Men med litt tid og litt smerte så kom eg meg til slutt ned på 11 meter :)

No sitte me på cafe bali og har ete ein god frokost. Men me får nok snart gå bort på rommet igjen og kosa oss med filosofi og etikk :D

Trimakasi!

Ingen kommentarer: