fredag 12. september 2008

No pain, no gain!

Dei siste dagane har det vore arrangert surfekurs, der dei fleste har deltatt. Me var med i går, men var skeptiske då me hadde sett mange i klassen dukke opp på skulen med både krykker og bandasjar etter kurset. Men me måtte jo berre prøve, og la meg berre konstantere at surfing er ABSOLUTT ikkje like enkelt som det ser ut til. Me lærte alle dei grunnleggande reglane før me fekk gå ut i sjøen, og følte oss sterke og sjølvsikre då me besto alle øvelsane på land med glans. Men der fekk me oss ein smell, og følte oss ganske nedrykt og forbanna då me etter uttallige forsøk fortsatt låg og plaska hjelpelause mellom bølgene mens andre segla elegant ifrå oss. Men etter ein pause, der dei få som ikkje hadde fått til å stå fekk litt ydmykande ekstrahjelp på stranda, klarte me det faktisk! Begge to! Det skulle ein del forsøk til, men på slutten fekk begge stått oppreise på surfebrettet i fleire fantiastiske sekundar.. Det var ein god følelse etter å ha blitt massakrert av meterhøge bølger i timavis, knea var skamslåtte, og augene nesten blinde med store mengder sand og saltvatn innabords. Det var forøvrig skadar denne gongen og ei jente vart sendt til sjukehuset med skuldera ut av ledd, og no går ho med heile armet bandasjert tett inntil kroppen.. Me var heldige og fekk berre "små"skadar :)

I dag har ein dykkerskule vore på besøk, og me har prøvedykka i bassenget, og berre er heilt sikre på å melde seg på dykkarlappkurset! Dette skjer om eit par veker, og då skal me ha mandag, onsdag, torsdag med teori, og ein helgetur til nordaustsida på Bali for å dykke ned til ein skipsvrak. Me har sett heilt nydelige bilder av det! Og me kan begge sei at det føltes rart men heilt fantastisk å kunne puste under vatn på den måten, så dette gledar me oss til!!! :D

1 kommentar:

Anonym sa...

MARIA!
No må da komma nåken flotte bilde inn her snart. Da sitte ei spent og utålmodig heima i kalde Norge, som ønske å varma seg på nåken artige visuelle hærlegheitar frå Balibali..! Klem Anki:)