
No sitte me spente i mørket på Thon Hotell Gardermoen. Stikkontaktane i rommet er kaputt sånn at me ikkje får lys, og me har ete så mykje at me kjem til å klare oss uten mat heilt til me kjem ned til Bali. Likevel stappar me i oss store mengder med smågodt. Avreise frå hotellet blir 04.35, og alle kjem nok til å få eit like dårlig førsteintrykk av kvarandre når alle møter like trøtte og fæle. Nåde dei som ser opplagte ut!
Me har ein lang reise framfor oss og me gledar oss ubeskivelig masse til å stikke tærna ned i den varme sanden og kosa oss med ein velfortjent paraplydrink! :) Me bør vel komme oss til sengs no. Håpar alt går fint for seg i morgon, så skriv me meir når me kjem ned!
Maria og Anja
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar