Me kan vel sei at alle forventningane me hadde te Bali e oppfylt, me storkose oss her! Dei første dagane har det vore masse festing, og me har blitt kjent med ein god del :)
I går var me på ein flott tur - me blei kjørt i små opne bilar med plass til tre stykke til ei nyyydelig idyllisk strand som heiter Geger Beach. Her var me eit par timar og koste oss. Det var mykje roligare her enn den stranda me vanligvis går til, mindre folk, og det var mindre bølger fordi det var veldig grunt eit stykke utanfor stranda sånn at bølgene stoppa der ute. Etterpå kjørte me til eit tempel på sørspissen av Bali som heiter Uluwalu. Det var utrulig morsomt fordi heile området var fullt av apar som stjal alt dei kunne få tak i! Me kjøpte små posar med fruktbitar me kunne gje dei (desse kjøpte me hos ei gammal dame med heile 3 tenner i kjeften). Når eg (Maria) skulle gje ein bit til ein grådig liten tass, så snappa han rett og slett med seg heile posen! Og ikkje nok med det, eg blei og nesten fråstjelt skjørtet mitt, hårstikk og kamera. Nokon fekk tak i brillene og verdisakene til folk, men då var dei heldigvis ei dame der som gav dei posar med kjeks heilt til dei fann ut at det ikkje var verdt å halde på brillene eller pengane meir, og gav det tilbake :) Etter å ha gått litt rundt og tatt masse bilder, såg me på eit balinesisk danseshow. Ganske stilig! På kvelden var det poolparty på hotellet og me fekk besøk av surfarar som hadde masse konkurransar i bassenget. Den kvelden fekk me oppleve det som faktisk er eit tropisk klima, då det plutselig begynte å regne ekstremt. No beit me i alle fall kva det vil sei å regne, for me har aldri opplevd lignande! Men regnet gjorde ingenting for alle var jo våte uansett. Etter kvart gjekk nokon ut på byen, mens andre gjekk og la seg etter ein lang dag :)
I dag har me hatt ein roligare dag.. Har vore på stranda ein tur og spelt litt volleyball, så har me hatt eit lengre informasjonsmøte i klasserommet me skal bruke, som er ca 20 minutt å gå herfrå. Me fekk blant anna høyre skrekkhistoriar om andre turistar som hadde blitt voldtatt eller fengsla her på Bali fordi dei hadde rote seg borti narkotika. Me blei ganske skremt, så me blir nok ganske forsiktige framover! :) Etter det tok meg og Anja ein tur til eit stort kjøpesenter og shoppa litt diverse.. No sitte me i resepsjonen på hotellet, og ska vel gå og lege oss snart, for i morgon skal me på skulen! :)
Maria og Anja
søndag 7. september 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
hei!
høyres ut så dåke kosa dåke masse!! e soo misunneli.. dåke må legga ut bilde og!
Legg inn en kommentar